Loading Events

Berekraftig mat i Norge i dag

Kva er egentlig berekraftig når det gjeld mat i Norge i dag? Kva bør ein velge når ein skal handle inn mat? Og korleis bør landbruk og fiske drivast best mogleg framover?

Det finns uttallige rapportar frå ulike hald som sei noko om kva som er det beste for miljø og klima når det gjeld mat. Men spørsmålet om objektivitet går igjen, sidan fleire er laga på bestilling frå ulike marknadskrefter. Vi har også store globale rapportar slik som EAT, men det som gjeld for t.d. India er ikkje nødvendigvis det samme som gjeld for oss i Norge pga. ulikt klima og naturlege forutsetningar.

Vi er ein gjeng studentar på Lokal Matkultur ved Fagskolen i Hordaland som klør oss i hovudet ved denne problemstillinga, og vi tenker der er nok mange forbrukarar og andre mataktørar som også kunne tenkt seg ei oppklaring på dette området.

Dermed vil vi saman med Impact Hub på Bryggen invitere til foredrag med ein berekraftsforskar onsdag 22. januar.

Inger Elisabeth Måren – Førsteamanuensis i anvendt økologi på Institutt for Biovitenskap og UNESCO Chair i bærekraftig arv og miljøforvaltning ved Universitetet i Bergen.

Ho har vore ein sentral aktør i utforminga av Norges første biosfæreområde i Nordhordland – Nordhordland UNESCO Biosfære – i samarbeid med Miljødirektoratet. Ho sitter også i styringsgruppa for Bergen UNESCO Creative City of Gastronomy, samt som fagmedlem i Vitenskapskomiteen for Mat og Miljø i gruppene for (a) Fremmede organismer og handel med trua arter (CITES), og (b) Genmodifiserte organismer.
På Universitetet i Bergen har ho undervisningsansvar for fleire tverrfaglege berekraftskurs der berekraftig arealbruk og matsystemet vårt står i fokus. Ho har også eit forskningsprosjekt i Nordhordland som ser på landbrukets rolle inn mot berekraftsagendaen.

__________________________________

Dette arrangement er presentert av TESTBAR-programmet hos Impact Hub Bergen. TESTBAR er en møteplass på Impact Hub Bergen for matinteresserte mennesker med ideer, konsepter eller tanker de ønsker å teste ut for å få en ekte tilbakemelding fra andre og for en enklere vei mot realisering og vekst.

Date
22nd Jan 2020
Time
18:00 - 20:00
Location
Impact Hub Bergen
Price
Free

See other Events